Trimtur eller kosetur?

I dag har eg gått ein tur på 2,5 time med jenta mi Selma Lovise og hunden vår Teddy. Vi har rusla oppover ein skogsveg. Nokon vil nok sei at det ikkje var ein trimtur pga vi gjekk roleg og tok bilder/ kosa oss, andre vil nok sei at klart dykk trimma for dykk gjekk jo tur. Kva meiner du?

Eg meiner sjølv at det både var trim og kosetur 🙂  Godt for helsa!
No er det snart Oktober, eg legg snart ut månadens tilbod, følg med 🙂

wpid-IMG_20130922_100040.jpg

4 comments on “Trimtur eller kosetur?

  1. Så flinke 🙂 meinar absolutt ein må få kalle det trimtur ..OG kosetur ja . Må vel ikkje springe og lage nye rekordar heile tida for at ein skal få lov å seie at ein har vore på trimtur. Viktigast er vel at ein er flink å ta med barna ut , frisk luft, gjere dette ilag…om ein har barn og familie så er det jo toppers å akkurat gjere dette ilag på sine eigne og deira premissar…motivere ein til å ta desse turane. Alle må jo gjere dette på sitt nivå, og nokon har og tek seg jo tid til begge deler, trimtur/kosetur med familien og trimtur åleine for å få pulsen opp !! Syntest det er utruleg mange flinke spreke familiar, og vert glad når eg ser so fine bilder av voksne og unge jenter/ gutar som kosar seg ute ilag . God tur 🙂

  2. Eg synst det er veldig bra å ta ungane med ut på tur 🙂 Dette er noko dei kjem til å hugse når dei blir store og…og å ta sin familie med 🙂 Ein får både trim og får bevege seg i naturen 🙂 er godt for liten & stor :)) » Det kan bli ein god trimtur og sjølvsagt ein kosetur ;)) Kjekt å gjere noko i lag ;))

Legg igjen en kommentar

Name and email are required. Your email address will not be published.