Om Susanna

Hei 🙂

Mitt namn er Susanna Gallefoss Berge, eg er født i 1979 og bur i Dale i Sunnfjord. Her bur eg med mann, 2 barn, 1 hund og 2 kattar : )

I 2001 var eg ferdig utdanna  sjukepleiar og jobba då nokre år på Haukeland Universitetssjukehus. Vi flytta så heimover og eg fekk jobb på Haugland Røde Kors Rehabiliteringssenter. I 2006 starta eg opp for meg sjølv med Susannas Helse og Velvære, noko eg lenge hadde drøymt om, etter fleire kurs som  Klassisk massasje, kopping, spa/velvære behandlingar osv. Eg har alltid interessert meg for alternativ behandlingar,  er oppvaksen på Gard med ei mamma som ivrig har forklart meg om bruk og nytte av naturens ressurser.

Min kjære mann Ove Jonny som har støtta meg frå starten då eg starta i 2006 og til no, du er uvurderleg 😉 Og mine fantastiske barn som så herleg sa ; «Den beste jobben din er den i kjellaren mamma og det held vel med ein jobb», det var då eg jobba både som sjukepleiar og med alternative behandlingar. Herlege goungane mine Selma Lovise og Hans Oskar  🙂 Mamma og Pappa har motivert og hjelpt meg på mange måtar, du greier det du vil Susanna har eg fått høyre mange gangar. Tusen takk til mine fantastiske unike foreldre, er så glad i dåke mamma og pappa(Harald Johnny og Ingebjørg Gallefoss). Og takk til mine supre svigerforeldre (Gro Wenche og Tormod Berge) som hjelper oss på mange måtar, tusen takk 🙂

Selma og Gråpus susannashelse.no

Teddy og Hans Oskar Susannashelse.no

Bilde av meg og Ove Jonny som skåler susannashelse