Tur i naturen er terapi

wpid-20140320_103839-kdcollage.jpg

Det er så herleg å gå tur i naturen.

Eg likar å gå på ein skogsveg eller sti der eg kan høyre fuglekvitter, fossebrus og ikkje minst oppdage ville dyr. I dag var det skikkeleg regnvær og då dukkar det opp mange nydelige fossar. Det er alltid noko og studere og drøyme seg vekk i, vi har ein fantastisk natur.  I dag vart både eg og dyra godt våte, då er det godt å komme heim sjå ut på regnværet og kose seg med ein kopp te.I dag kosa eg meg med grønn te som er rensande for kroppen. Etter te koppen, ordnet eg meg klar til behandlingar.

Håper alle har hatt ein fin dag.

wpid-20140320_132118-kdcollage.jpg

Morgontur

Hei 🙂

Morgontur med Teddy gjer godt!

Her er bilde frå turen i dag og eit bilde fra 28.01.14, då eg fekk tatt bilde av eit ekorn som sprang over skogsvegen.

GOD HELG 🙂wpid-pic20140207115735.jpg

Har begynt på spinning :)

Susannashelse trening

I dag har eg fått trimma litt ute og inne.

Var på ein luftetur med hunden vår Teddy før eg henta barna på skulen, herleg å lufte tankane etter ein har vært mykje inne ein dag.

Så kl 1930 var det spinning med Linda, dette var min andre time så då kan eg sei at eg har begynt på spinning 🙂

Merker at dette treng eg, og det kan verkeleg anbefalast. Linda pusjer oss gjennom timen, tungt og godt 🙂

Godt å kommet igang, ønsker du å hive deg med er det bare å gå inn på Dale IL sine sider og booke deg inn på ein time, trykk her.

Trimtur eller kosetur?

I dag har eg gått ein tur på 2,5 time med jenta mi Selma Lovise og hunden vår Teddy. Vi har rusla oppover ein skogsveg. Nokon vil nok sei at det ikkje var ein trimtur pga vi gjekk roleg og tok bilder/ kosa oss, andre vil nok sei at klart dykk trimma for dykk gjekk jo tur. Kva meiner du?

Eg meiner sjølv at det både var trim og kosetur 🙂  Godt for helsa!
No er det snart Oktober, eg legg snart ut månadens tilbod, følg med 🙂

wpid-IMG_20130922_100040.jpg