Morgontur

Hei 🙂

Morgontur med Teddy gjer godt!

Her er bilde frå turen i dag og eit bilde fra 28.01.14, då eg fekk tatt bilde av eit ekorn som sprang over skogsvegen.

GOD HELG 🙂wpid-pic20140207115735.jpg

Min kvardag

image Eg fikk lyst å skrive litt om min kvardag.

Dagane er jo ikkje like og det er noko eg likar godt med å jobbe for meg sjølv.

Eg startar dagane i veka med å køyre barna til skulen. Eg veit dei godt kan gå,men siden eg har muligheten og dei ikkje får lov å sykle på skulen endå, så vel eg å køyre dei.

Etter eg har køyrt dei til skulen tar eg meg ein gåtur med hunden vår Teddy, må inrømme at det ikkje alltid blir kvar dag,men målet er minimum tre gonger i veka.

Så er det heim og kle meg om klar til jobb.

Eg kan ha dagar med mykje behandlingar, og dagar som er rolegare.Det er alltid noko og gjere på rolegare dagar også, då er det merking av varer og betaling av rekningar,rydding, vasking osv.

Eg føler eg får brukt sykepleien mykje i jobben min, på mange måtar. Behandlingane eg gir er alt frå rein velvære/avslapning, og til å løyse opp spent og vond muskelatur.

Så har eg produkta mine, som eg håper mange får glede av. Eg er ein te elskar sjølv, og trur mange kjem til å bli det etter å ha smakt desse supre teane. Her kan du finne din yndlingste, og te med ulike eigenskapar om du ser etter det.

Susannashelse

På Mandag 03.02.14 kjem eg med ny te på nettbutikken, som vil være på tilbud i 14 dagar. Hugs stand på Dale Senter Torsdag 06.02.14 fra kl 1100 til kl 1800.

Susannashelse merking te